06 → Loftet
Loftet er delt inn i to rom, eit over det stavbygde kjøkenet og eit over den lafta stova. Loftet blir gjerne kalla lem og har gitt namnet til den vestnorske bygningstypen lemsstove, som huset er eit typisk døme på. Lemmen vart ofte brukt som soveplass for dei yngre i huset og som lagringsplass.
Gjenstandar det inste loftsrommet
Paraply for kvinner i brunt/svart bomullsstoff med svart handtak i tre og forgylte detaljar i metall.Lærveske med lås og håndtak i metall.Kiste med i blått/grått med svartmålte band. Målinga ser ut til å skulla immitere selskinn og jernbeslag. Låsbeslag og nøkkel. Det er eit innerlokk på undersida av lokket.To heimelaga fiskesøkke av bly nytte som havsnøre.Raud– og blåmåla pyramidehylle med utskjeringar i tre.
På loftet er det plassert fleire gjenstnader: Pidestall i lakkert tre, ein korgstol og ein blåmåla trebenk. Eit brunmalt klaffebord, ei stovemodell laga av Olaf Haugen, og ei taklampe i klart glas.
Pinnestol. Stolen har eit laust bord.
Rosemåla kiste med raud botnmaling og dekor i blått, kvitt, gult, grønt og svart. Årstalet 1882 er måla på kista.
Naustmodell laga av Olaf Haugen.
To vasar i vindauge malt med «fattigmannssølv». Foto: Follese Heimbygdlag.
Mangler:
152. Ryggbøtte. Lagga kar med feste til berereimar. Nytta til transport av mjølk.