01 → Husmannsplassen
Husmannsplassen i Træ ligg lunt til ved fjorden mellom svaberg og grøne bakkar. Plassen var underlagd Follese gard, gardsnummer 12, og fekk bruksnummer 578 og vart oppført med gardsnamn Træstunet. I det 200 år gamle våningshuset kan ein framleis sjå korleis folket levde og budde.
I dag er det knytt fire bygg til museet. Tre av dei er oppført på plassen. Det er to florar/smalehus som er daterte tilbake til 1800-talet. Naustet er eit gamalt båthus og sjøbu, som vart bygd rett før smalehusa. I tillegg har bruket ein jordkjellar til oppbevaring av poteter og eventuelle grønsaker som dei dyrka. Sjølve våningshuset, som er ei lemstove, vart flytta hit i 1851 frå ukjend plass. Å flytta hus for så å setja dei opp på ny stad var vanleg tidlegare. Bygningsmateriale til hus vart ofte kjøpt inne frå skogsbygder i fjorden og frakta ut til kystbygdene. Uthusa vart set opp som grindbygg, medan våningshuset vart lafta. Eit grindbygg består av eit skjelett av stolpar, medan eit laftehus er bygd opp av tømmerstokkarsom vart laga lagvis i høgda, og som er felt samen i hjørna. På husmannsplassen Træ er alle taka tekt med raudleg teglstein. Sjølve våningshuset er ei lita tømra stove med raudmalt kledning utanpå. I første etasje er det kjøken, stove, verkstad og reiskapsbu. I andre etasje finn ein to rom. Det eine rommet kan ha vore nytta til soverom. Fleire av husa har måla dører i den vakre blåfargen kalla Folleseblått.
Kven var så dei folka som budde her? I tinglysningsmateriale frå Midthordland sorenskriveri finn ein at festesetelen til Lars Jensen vart tinglyst 18. mai 1830. Ein festesetel er det same som ein husmannskontrakt. I festesetelen i 1830 står det at plassen ikkje var innhegna, så antakeleg var det i 1830 at den vart teken i bruk. Husmannen måtte betala ei avgift til deling mellom bøndene tilsvarandefire Species.
Lars var husmann på Træ fram til 1853 då Knut Olsen, svigersonen hans, overtok og festesetelen vart tinglyst. I jordbruksopplysningane i 1865 finn ein opplysningar om kva Knut Olsen livnærde seg av. Her står det at han var «Husmand med Jord» og at han sådde ¼ tønne havre og sette to tønner med poteter. Familien hadde ei ku og fem sauer. I tillegg til å brødfø eigen familie måtte Knut Olsen, for å overta plassen etter Lars Jensen, gi kår til svigerforeldra. Å gi kår vil seia at kvart år skulle dei ha ein viss mengd av det som vart produsert på garden.
I Træ budde også Elias Steffensen som var "husmann utan jord". Han sådde ½ tønne havre og 1 tønne poteter, truleg på Knut Olsens sin plass. Han hadde 4 kyr og 10 sauer. For å livnæra seg var ein familie avhengig av fiske i tillegg til det garden kunne produsera. Fleire av bebuarane på Træ står oppført som fiskehandlarar. Den siste bygselmannen (husmannen) i Træ var Kristoffer Rasmussen og kona hans Ana. Då Kristoffer døydde i 1955 hadde han ingen livsarvingar. Follese Heimbygdelag vart stifta i 1956, med formål om å kjøpa opp eigedommen for å kunna tilby Follese-folket eit område for rekreasjon, og ikkje minst for å sikra dei gamle husa og dei fine naturkvalitetane i området. Eigedommen vart kjøpt av Follese Heimbygdelag det same året.
Som tidlegare nemnd levde folket som budde i Træ av fiske og enkel gardsdrift. I verkstaden finn ein fiskeutstyr som fiskesøkke, vabein til å feste på ripa for å føre fiskesnøret over, fiskeklepp og diverse utstyr knyta til garnfiske. Her er og fleire åleteiner. Gardsreiskapa var særs enkle, som trespade, hakke og greip. Fiskehandel har generelt vore langt viktigare enn gardsdrift.
Sjølvberging har vore naudsynt for å overleva. Anna Larsdatter, fødd 1832, står oppført i folketeljinga under Træ som husmandsenke. Som enkje livnærte Anna seg av «strikning og spinning». Fram til 1900-talet vart det meste av kler til huslyden produsert i heimen. I stova finn ein både rokk, kardar og anna utstyr til garnproduksjon. Mest sannsynleg hadde dei og ein vev som vart set opp på vintrane. I verkstaden står ein trøsymaskin som må ha vore ei stor investering då den vart kjøpt inn.
Kjøkenet vitnar om eit enkelt hushald. Grua var eldstaden der det meste av maten vart laga. Der heng det to skjeringer (oppheng i jarn) som gryta og kaffikjelen vart hengd opp på over elden. Tidlegare vart det meste av maten kokt. Grua var og staden der ein steikte lefser og flatbrød på jerntakke. Det var ikkje vatn i huset, og i reiskapsbua heng åket som dei hengde to vassbøtter i. Alt vatn til huslyden og til dyra vart henta i bekken og bore inn i huset. Her var ingen vaskekum eller liknande, så det har vore eit enkelt stell.
Det er vanskeleg for folk i dag å sjå for seg å leva så enkelt som denne heimen ber preg av. Det er viktig å ta vare på den materielle historia vår og formidla korleis folk for berre nokre få generasjonar sidan levde av dei ressursane som var tilgjengelege kring dei.