04 → Reiskapsbua



Reiskapsbua og verkstaden har ikkje varmekjelde og har ikkje fungert som permanent opphaldsrom, men som lager og verkstad. I dag er det stilt ut ulike fiske– og jordbruksreiskap og to modellar av Follese.



Follese gard nr. 12.
Landskapsmodell av Follese gard nr. 12 laga av Olaf Stølen, Artur Martinussen har laga husa. Husa har nummer som korresponderer med ei oversikt over «Busetnaden etter utskiftningskartet av 1897»
Landskapsmodell av naustmiljøet i Follesevågen laga av Olaf Haugen i ca. 1958. Modellen er plassert på eit klaffebord, blåmala med raud kant rundt.

I reiskapsbua heng det følgjande gjenstandar:
Dykkardrakt av skinn og lerret, symjebelte og ein gul oljebukse. Fiskeklepp i tre med jernkrok, trestokk med hol i begge endar og tau. Ukjend bruk. To stutthorver som vart nytta til å skjera tong med. Fiskesule i tre som vart brukt til å hengja vått fiskesnøre på. Garnnål i tre. Vassele, ein grønmåla og ein utan måling, til bæring av bøtter. Alenstokk. Ein alenstokk er eit lengdemål, då alen gjekk av bruk i Noreg svarte ein alen til 62,75 cm. Pundervekt i metall med to lodd av jern. Ein type vekt som var nokså vanleg i eldre tid. Stor garnflå i tre og ein grønmåla pinnestol.



Båre til å bera torv.
Stikkert i metall, reiskap nytta ved sanking av o-skjell.
Greip i jern utan skaft.
Garnrulle til å setja fast på båtripa.
To trespadar som har høyrt til huset.
Trespade med jernbeslag som har høyrt til huset frå før 1870.
Forsynskrok i tre. Fire forsynskrokar måtte til ved laging av snøre/tråd til fiske.