03 → Stova 




Frå kjøkenet kjem ein inn i stova. Rommet fungerte både som opphaldsrom og soverom. Stova er eit lafta rom, i motsetning til kjøkenet og verkstaden som er oppført i stavkonstruksjon. I stova finn ein både seng, bord og benker, omn og ulike reiskapar og pyntegjenstadar. Det meste har tilhøyrt huset, men noko har kome til i seinare tid. 



Langs veggene til venstre for stovedøra





Blå- og kvitmåla bokhylle med tre hyllar. Bøkene i hylla er samla frå fleire brukarar, det er fleire salmebøker, tre store biblar og elles religiøs litteratur. Like under står det ei rødmala krakk med fire bein og eit par svarte damestøvlettar i skinn, halvhøge med snøring.



Blåmåla skammel, var å finna i kvarmanns hus. På skammelen står det i dag eit trefat med lagga kaffikanne, fløytemugge og sukkerskål utskore i tre. Objekta er festa til trefatet.
Blåmala hjulrokk som skal ha stått i huset i fleire ættled og er særs gamal. Rokken vart brukt som spinnereiskap og er utstilt saman med ullkorg, karder, sauesaks, ull og handtein, ein enklare spinnereiskap.
Fletta korg med reiskapar til å arbeida med ull: Stoppesopp, karder, handtein og to sauesakser. I korga ligg det og ein enkel bringeduk og litt saueull. 
Bringeduk.
Karder.
Handtein.
Stoppesopp.
Vaffeljern i støypejern merka med «Patent No 6». Vaffeljernet vart lagt oppå komfyren.
Kaffikjele i koper til bruk over vedkomfyr av støypejern med ringhol.
Kruthorn. Behaldar til oppbevaring av krut, oftast i form av eit krumt okes- eller geitehorn som kan vera flattrykt. Under ladning vart krut tømt frå den spisse enden av hornet, der det kunne vera ein måleinnretning. Bruk av kruthorn er knytt til forladningsgevær og opphøyrde i løpet av 1800-talet. Kruthornet vart gitt til museet av Olav Haugen.
Fire fotografi i glas og ramme. Motiva viser Topdal-selskapet sine båtar «Topdal» kom til Follese i 1898, «Kvarven» i 1909, «Flogen» i 1913 og «Hjeltefjord» i 1924. 
Fletta korg med to hankar og lokk. Denne typen korg var vanleg for konene når dei skulle på handletur til byen.
Eldrake.
Lykt til stearinlys i tre, glas og metall som kan hengas opp. Lykta har tilhøyrt huset/Kristoffer Rasmussen.
Eldtang. 

Brunmåla kommode med fem låsbare skuffar; to øvst og tre store under. Det manglar beslag på den nedste skuffa. Brunmåla nattbord i tre med skap og låsbar skuffe, kvitmåla toppbord. På nattbordet er det plassert fleire gjenstnader: Tobbaksboks «Afrikander Navy Mild», Ein religiøs pamflett «Guds retfærdighet», Mansjett med sikksakkband og liten knapp, Oljelampe med grønt glas, vekkjarklokke i blikk, Boka «Kristi Efterfølgelse», Bilete av predikant Ola Nesse frå Sogn som preikte på Follese.




Rosemåla tine, omtalt som «skuletine». Tina er rikt dekorert med blå botnfarge og dekor i raudt, grønt, kvitt, svart og gult. Årstalet 1822 er måla på. Tiner vart brukt til frakt og oppbevaring av tørrmat. Denne tina er gitt til museet av Brita Hanøy frå Ulveset i Fjell i Øygarden.
Brureambar for graut. Ambaren kjem ifrå Holmeknappen og skal vera frå ca. 1870. Den er gitt til museet av Knut Holme.
Sett i kopar med fat, sukkerskål og fløytemugge.
Bibel frå 1897 gitt til museet av Thor Horvik frå Ask. Han utførte restaureringsarbeid i Træ i 1993. Bibelen vart gitt i bryllaupsgåve av Horvik sin bestefar i 1901. 
Kaffikanne i kopar.
Eit par briller med tilhøyrande etui.
Pipe, kalla langpipe/slangepipe gitt til museet av Thor Horvik frå Ask. Han utførte restaureringsarbeid i Træ i 1993. 
Klokke i tre med urskive og pendel. Klokka er brunmåla med gyllen dekorasjonsmåling i glasdøra. Ho må trekkjast opp med ein nøkkel som ligg inni klokka. Klokka er produsert av Waterbury Clock Co. (etablert i USA i 1857).
Bilete av predikant Ola Nesse frå Sogn som preikte på Follese.
Bilete i glas og ramme. Motivet viser englar på gullbakgrunn og sølvskrift med teksten «Eg og mit Hus me ville tena Herren Jos.24.15.»
Veggklokke med lodd, pendel og snor til å trekkja ho opp med. Klokka har kvit botnmåling, søyledekor på kvar side og romerske teikn. Deler av målinga er borte. Klokka er gitt til museet av Herman J. Hanøy og hang tidlegare i huset til far hans.
Fotografi i glas og ramme som har tilhøyrt Ana, kona til Kristoffer Rasmussen. 
Bilete i glas og ramme som viser Kristi Himmelfart. Tekst: «Christi himmelfart». 
Fotografi i glas og ramme av Ana og Kristoffer Rasmussen. I 1923 bygsla Kristoffer Rasmussen plassen Træ. Han hadde vore dreng der i fleire år. Han gifta seg med Ana som var tenestejenta der og ca. 20 år eldre enn Kristoffer. Ana og Kristoffer var dei siste som budde i huset. 


Vedkomfyr av støypejern med to ringhol. Produsert av Jøtul. Slike komfyrar kom i bruk i første halvdel av 1800-talet. På framsida av omnen står det: «Eld på åra og sol på eng, gjer mannen fegen og fjåg».




Uttrekksseng, nytta som ekteseng. Halm til underlag. Det var vanleg at heile huslyden sov og åt i stova. Foreldra sov i uttrekkssenga, den minste i vogga og på golvet kunne småbarn liggja. Dei eldre ungane kunne sova på lemmen over stova på såkalla slunkebol. Sengeband som blei nytta for å komma seg opp av senga. Vogga kjem ifrå Hanøy og har vore brukt i fleire slektsledd.





Langs gavleveggen ved vindauget 


Klaffebord, med smal bordplate og klaffar heilt ned på kvar side. Når borda ikkje var i bruk, vart det slått samen og sett inn til veggen kor det tok liten plass. Bordet er blåmala med raud bord langs bordplata. Oljelampe i glas med takoppheng i smijern.



Stol med tre bein og oval rygg, blå- og raudmåla. Foto: Follese Heimbygdlag
Stol med fire bein, blåmala med raudt sete og utskjering i ryggen.
To blåmåla benker. Benker av dette slaget vart nytta ved klaffebordet, matbordet i stova. Elles plasserte ein benkene langs veggene.
Treskål med raud botnmåling og rosemåla dekor utanpå.
Tine med svart og raud måling. Tiner vart brukt til frakt og oppbevaring av tørrmat, til dømes brød.
Tine med raud botnmåling og rosemåla dekor i blått, kvitt, gult og svart.
Mjølkekolle for å setja mjølk eller fløyte til surning. Kolla er laga av ubehandla tre, lagga og sett saman med vidjeband.
Sveipet treøskje med lokk og rosemåla dekor, brunraud botnmåling og dekor i svart, gult, og kvitt. Nummeret er ikkje mogleg å lesa av, men gjenstanden har vore oppført i gammal katalog.
Bilete i glas og ramme som viser Jesus i bønn. Bilete har høyrt til huset.
Bilete i glas og ramme. Bilete er eit litografi som viser Jesus med eit flammande hjarte og teksten: «Geheiligtes Herz Jesu.». Bilete har høyrt til huset.
Bilete i glas og ramme med teksten: «Gud velsigna vort Hjem!». Bilete har høyrt til huset.
Bilete i glas og ramme. Bilete er eit litografi som viser Jomfru Maria og Jesusbarnet og teksten: «Maria hilf». Bilete har høyrt til huset.
To fotografi i glas og ramme. Det eine motivet er eit brudebilde av Ada og August Larsen, og det andre motivet er eit familiebilete av Gurina og Ole Olsen (son til Mart-Ola) og barnet Gudrun Olivia Olsen (gift Rostad).
Fotografi i glas og ramme av familien til Ada og August Larsen 1910, sonen til Lars Kristoffersen.
Fotografi i glas og ramme av sokneprest Erik Olsen Feet 1916- 1923, Strusshamn. For meir om Feet, sjå Clausen, Conrad. ''Askøy herad i hundrad år''. Utg. i kommisjon hjå A/S Lund & Co.. no. 1937.
Fotografi i glas og ramme av Nils Follesø, misjonsprest i Zulu.
Teikning i glas og ramme. Teikninga «Ein stril» er ein original av kunstnaren Hans Dahl, fødd 19. februar 1849 i Hardanger, død 27. juli 1937 i Balestrand.
Veggur som har høyrt til huset, omtalte som «klokka til Kristoffer». Klokka er brunmåla med forgylt list rundt glasdøra og gyllen dekorasjonsmåling på glaset. Klokka har urskive med romartal og lodd. Den må trekjasa opp med nøkkel.


Langs fasadeveggen




Bilete i glas og ramme av Dronning Elisabeth.
Bilete i glas og ramme. Bilete er eit litografi som viser som viser Jesus korsfesting.
Fotografi i glas og raud ramme som viser bygdefolk samla ved Mizpa på Follese. Staden vart vigsla 13. juni 1909.
Brødskrin forma som ei lita kiste. I gamal tid handla ein i byen og brødet vart lagt i skrinet, på Follese var det ikkje vanleg landhandel før i 1900. Skrinet er rosemala med raud botnmaling og dekor i svart, kvitt, gult og grønt. Årstalet 1875 er måla på skrinet.
Fotografi i glas og svart ramme som viser bygdefolk samla ved Mizpa på Follese. Staden vart vigsla 13. juni 1909.
Raud- og blåmåla pyramidehylle med utskjeringar i tre, omtala som «tavlet». I hylla er det utstilt fem kaffikoppar.

Rosemåla dekor i gult og svart.



Brureambar for graut ifrå Holmeknappen. Frå ca. 1870. Den er gitt til museet av Knut Holme.