05 → Verkstaden


Reiskapsbua og verkstaden har ikkje varmekjelde og har ikkje fungert som permanent opphaldsrom, men som lager og verkstad. I dag er det stilt ut ulike fiske– og jordbruksreiskap og to modellar av Follese. I verkstaden ligg det følgjande gjenstandar: Trekasse med jernbeslag og handtak, ei sleggje med treskaft, to kvitmåla lemmar til vindauge og ein skål skjert ut av borken på eit tre. Ukjend bruk.



Sjøkikkert. Kikkerten er av tre med glas i botn og metallhandtak, grønmåla og merka «ROH». Den er komen i frå Hanøy og er brukt når ein såg etter sild og sanka skjel.



Oljelampe i jern og glas. Lampa har vore grønmåla, men er no prega av rust.
Fiskekiste i tre med lokk og grønmåla botn. Kista vart brukt for oppbevaring og transport av levande fisk. Ho er gitt til museet av Thor Horvik frå Ask. Han utførte restaureringsarbeid i Træ i 1993.
Oljekanne. Kanna er prega av rust.
Kipe. Kipa vart brukt til å bera ulike sakar på ryggen, til dømes torv og småved. Kipa har tilhøyrd Susanne Jakobsen Follesøy.
Fletta korg med handtak.

Symaskin produsert av Durkopp i støypegods, med flatt bord i tre og støypt jernstativ med pedal og svinghjul kopla til maskina gjennom bordet. Symaskina er svart med gulldekor. Ho kjem ifrå Bjørkås.





Vegghengt hylle med tre hyllar. I den øvste hylla er det stilt ut fire fiskesøkke i skifer. I den midtarste hylla er det stilt ut sju blysøkke. Hylla har vore grønmåla.



Eit veggfast treskap måla i same blåfarge som veggene. Oppå skapet ligg følgjande gjenstandar: Sju bryner, Sigd med raud handtak, To vadbein, slike vart sett på ripa til å dra fiskesnøre opp og ned på, det største er merkt med «AKF», det minste er oppført i gamal katalog, Flå av tre, tre vart brukt som flå før ein tok til å nytta kork, Handsag, Høvel, merka med «JPF Pess 2. Januar 1889», Raud oljekanne med lang tut, merka med «BEISTOIL», Trestokk med korkskive, truleg knytt til bruk av garn, To glaskuler til garn, ein med nett og ein utan, Tre korkduppar til garnfiske.



Kvit- og grønmåla vegghylle i tre. I hylla står to treskiver med ukjend funksjon og eit reiskap i tre og metall med ukjend funksjon.