07 → Loftet
Loftet er delt inn i to rom, eit over det stavbygde kjøkenet og eit over den lafta stova. Loftet blir gjerne kalla lem og har gitt namnet til den vestnorske bygningstypen lemsstove, som huset er eit typisk døme på. Lemmen vart ofte brukt som soveplass for dei yngre i huset og som lagringsplass. I det ytste loftsrommet finn du blandt anna to ausekar. Det eine karet er merka med «Norden». Tresko, klogger, og garnflå i tre.
Gjenstandar det ytste loftsrommet
Sildetønne frå Follesø Tønnefabrikk. Tønnefabrikken var i samanhengande drift frå 1917-1972. Foto: Follese Heimbygdlag.Røysertar i lêr med trebotnar. Arbeidsstøvlar på sjø og land. Gitt av Thor Horvik frå Ask i samband med at han utførte restaureringsarbeid i Træ i 1993.Tresko.
Sko med overlêr og spiker i sole for feste. I eldre protokoll er skoa omtale som «klogger». To ausekar. Det eine karet er merka med «Norden».
Garnrulle til å setja fast på båtripa. Foto: Follese Heimbygdlag.
Blå- og raudmåla hengeskap i tre, men dør og metallhengsel.Blå- og raudmåla hengeskap i tre, med dør og metallhengsel.Tine med raud botnmåling og rosemåla dekor i gult og svart. Tina manglar lokk.Fletta åleteine.Fletta åleteine.Kaffikvern.Fire fletta åleteiner/ruser. Gitt av Thor Horvik frå Ask i samband med at han utførte restaureringsarbeid i Træ i 1993.Fletta åleteine.Gulmåla korg i fletta never med handtak og lokk, feste i jern.
Umåla trekiste med handtak og beslag i jern.