02 → Kjøkenet
Inngangsdøra leiar rett inn i kjøkenet som inneheld kjøkenbenk, skap, grue, sittebenk og sofa med uttrekksseng. I kjøkkenet er det og ei rekkje reiskapar brukt til matlaging. Grua vart brukt til både tilberedning av mat og som varmekilde. Det har ikkje vore innlagt vatn i huset. Frå kjøkenet er det ei dør inn til stova og ei dør inn til verstaden. Til venstre for inngangen går det ei trapp opp til loftet, kalla lemmen.
Vegghengt skap med glasvindauge og tre hyllar. Skapet er kvitmåla med dørinnramming og botnlist i blått. Inne i skapet er det plassert følgjande: Sausenebb, med knust øre, Fat frå Susanne Jakobsen Follesøy, reparert med krampe i botn, Mugge med gull- og blomsterdekor, Flaske med vaniljedropar, Grøn flaske med lut, Glaskrukke med måla ingefær, Liten blå boks med kardemomme, Liten brun apotekarflaske med ukjent innhald, Liten blank apotekarflaske med einebærolje, Liten blank apotekarflaske med sitronessens.Vegghengt skråskap. Skapet er blåmala med grøne lister oppe, nede og på døra. Inne i skapet er det plassert følgjande: Kaffikvern, Grøn brusflaske med appelsin, Blank flaske med Perlebrus, Blank flaske med bringebærbrus, Lampeskjerm i glas, Grøn likørflaske, Brun mjølkeflaske med kort hals med kvit kork merka mjølk, Blank mjølkeflaske med lang hals og raud kork merka mjølk.
Veggen → under skapa
Emaljert såpekopp med påskrifta «Sæbe». Saltkar med blå dekor med påskrifta «Salt».Emaljert såpekopp med påskrifta «Soda».
Benken → under skapa
På benken under skapa: Kaffikanne i blikk, skurekost og ei klubbe til fisk og anna mat.
Trekasse med to rom. I kassa ligg det fire gaflar, to knivar, en brødkniv, ein skei og ein rasp i blikk.To tvarar. Den det er bilete av ovenfor er den eldste typen, laga av toppen av eit tre. Tvare var eit mykje brukt reiskap i tillaging av mat, og då til å røra i gryter med.Visp bunde samen av enkle trepinnar.Strykejern fyrt med kol og med trekkluke på eine sida. Strykejern med opning i bakkant til lodd av jern, oppvarma i strykepanne.Strykejern med jernsole og trehandtak, oppvarma i strykepanne. Kaffikvern.Bolle i keramikk med kvit glasur. Slike bollar var nytta til baking og anna matlaging. Bollen er utstilt med ei tresleiv oppi.Trefat som skal ha høyrt til huset. Fatet har måla dekor inni.
Mellom kjøkkenbenken og verkstaden
På veggen og golvet mellom kjøkkenbenken og døra til verkstaden henger det ulike tresleiver, et trekvitt brett med kantar og annet kjøkkenutstyr.
Holsleiv. Reiskap som mellom anna vart brukt til å ausa ostemasse opp av ystekjelen.Holsleiv. Tresleiv.Kjevle til lefsebakst med rutemønster.Treskei.Skei av horn.Treskei.Klubbe til å lage til mat av fisk.Klubbe til å lage til mat av fisk og kjøtt.Potetkvern. Kokte poteter vart måla, tilsett litt mjøl og salt, så vart deigen kjevla til potetkaker. Kverna er gitt til museet av Bjarne Gundersen. Stavkinne i ubehandla tre med kinnestav. Ein fylte på fløyte, kinnestaven vart trekt opp og ned til fløyten tetna og vart til smør. Kinna kjem frå Holmeknappen.
Ved vindauget under trappa
Under trappa og ved vindauget står det en grønnmåla benk, et par tresko, ulike rømmekoppar og ein trestamp.
Kopp laga av never frå bjørk. Koppen kjem ifrå Holmeknappen og skal vera frå ca. 1870. Den er gitt til museet av Knut Holme.Rømmekopp. Koppen kjem ifrå Holmeknappen og skal vera frå ca. 1870. Den er gitt til museet av Knut Holme. Rømmekopp. Koppen kjem ifrå Holmeknappen og skal vera frå ca. 1870. Den er gitt til museet av Knut Holme. Mjølkebøtte, bokstavane «BNSFT» er rissa inn på undersida. Bøtta er lagga med metallband. Bøtta er brukt til å mjølke i.Kaffibrennar til bruk over vedkomfyr av støypejern med ringhol, tilsvarande den som er i stova. Slike komfyrar kom i bruk i første halvdel av 1800-talet. Grøne bønner vart brende for å få den rette kaffismaken.Eit par tresko fora med gamle aviser (frå 1948). Treskoa har høyrt til i huset.
Grua
Til høgre for døra til verkstaden henger det to steikepanner, ei gryte i jern og et dørslag i emalje. Videre finner du grua.
I grua heng det ei koparkjele til å koke kaffi. Kjelen heng i ein skjerding, slik at ein kunne regulera avstanden til elden. Ei takke i jern til å steikja flatbrød og lefse, ei gryte i jern som også heng i ein skjerding, ei godt bruna gryte i jern og et vaffeljern med lange handtak.
Ved inngangsdøra
Langs ved veggen til høyre for inngangsdøra står det en sofa med uttrekksseng dekorert med ådring, ein målingsteknikk for å etterlikne andre treslag og stein, for eksempel marmor.
Måleri i ramme med motiv frå Træ laga av E. Steffensen i 1958. Maleriet er gitt til museet av Bjørg Nilsen.
Paraply i svart bomullsstoff med forseggjord handtak i metall utforma som ein drake.Paraply i svart bomullsstoff med forseggjord handtak i horn og bambus.Nøkkel.Detaljebilde av handtak utforma som ein drake.
Taklampe med holdar og lampett i porselen.